VISUELL IDENTITET
Førdefestivalen
Førdefestivalen har fått ny logo og visuell identitet, og dette blei lansert på programsleppet for festivalen i mars 2022.
Utfordringa vi jobba med i logoprosessen var å skape ein visuell identitet som både formidla festivalen sine røter i norsk tradisjonsmusikk, men som óg sa noko om å vere møtepunkt mellom norske og internasjonale uttrykk, og representere både det norske og det internasjonale.
Dette resulterte i ein visuell identitet som låner former frå tradisjonelle instrument og folkekunst, og kombinerer dette i eit moderne samtidsuttrykk.
Sjølve logoen er rein, tydeleg og enkel, med detaljar som nikkar til hardingfela. Som bærande, visuelt element har vi utvikla dei frie linjene. Linjene er bygd opp av mønster vi kan sjå att i norsk tradisjonskunst som treskjæring, åkle og vev.
Linjene representerer lyd, rytme, fleirstemt klang, flyt, dynamikk, virvelvind, dans og energi. Dei kan óg representere formidling; møte mellom menneske, ulike stemmer, reise, tankeflukt, mangfald og smeltedigel.
Noko av det vi syns er aller mest spennande med å utvikle eit visuelt univers for ein kunde, er å sette det ut i live; bryne det mot ulike flater. Strekke og tøye i byggeklossane og rammene vi har definert. Variere, og skape eit univers som er heilheitleg, fleksibelt og interessant.
Førdefestivalen let oss gjere nettopp det. Her ser du litt av alt vi har laga for dei.