VISUELL IDENTITET
Nynorsk scenespråksenter
Nynorsk scenespråksenter er eit nasjonalt senter som tilbyr skodespelarar frå heile landet etterutdanning i bruk av og om nynorsk.
Senteret er lokalisert i Nynorskhuset i Førde, og er ei avdeling under Teater Vestland.
Brief:
- Logo må ha eit visuelt slektskap til Teater Vestland sin identitet
- Typografi skal vere lik som i TVL-logo
- Det er ønskeleg at Nynorsk scenespråksenter får sin eigen fargepalett, som harmonerer med TVL sin fargepalett
Nettsida er utvikla av Mediebruket og viser identiteten i bruk.
Logoelementet er ei vidareføring av former frå Teater Vestland sin logo, og skal her gje assosiasjonar til:
-
Tonefall
-
Prosess og progresjon
-
Portal til utvikling
-
N for nynorsk