Logo utforma for Røyst mat & vin.
Røyst horisontal logo m undertittel
VISUELL IDENTITET

Røyst mat & vin

Røyst mat & vin opna i Nynorskhuset i Førde hausten 2023, og har som mål å vere den beste staden for gode mat- og vinopplevingar i Sunnfjord.

Røyst betyr stemme på nynorsk. Små moduleringar i streken og ligatur mellom S og T, gir logoen eit litterært uttrykk. Tanken er at logodesignet formidlar det skrivne ord, den skrivne røysta, i eit hus og eit fellesskap som hyllar det nynorske skriftspråket.

Univerket har utforma logo og komplett visuell identitet, samt utforma skilt og folie til fasade.

Grafisk mønster

Elementet i vinglaset i logo er henta frå spileveggar i restaurantlokalet. Det er i tillegg utvikla eit grafisk mønster basert på veggane.

Røyst mat og vin
Vindusfolie til Røyst mat & vin.