MARKNADSFØRING
Sparebanken Vest
Sparebanken Vest har mange arrangement og utdelingingar av gåvemidlar gjennom heile året. Vi har hjelpt dei med større synlegheit digitalt, med fokus på regionen gamle Sogn og Fjordane.
Vi har skrive redaksjonelle saker til spv.no, tatt bilder, planlagt og gjennomført marknadsføring og laga ein adventskalenderkampanje til sosiale media.
I kampanjen kunne publikum nominere 24 lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane, som kvar skulle få 10.000 i støtte til sitt vidare arbeid. Kven som blei dei heldige utvalde blei publisert på sosiale media på julaftan.
Adventskalenderen animerte vi i After Effects.
SpV er stolt sponsor av Fjellsportfestivalen i Sogndal. Univerket bidrog med idéarbeid, planlegging, koordinering og design av midlertidige tatoveringar og ulike give-aways. Vi fekk óg produsert eit stort neonskilt med slagordet til Sparebanken Vest. Dette hang ute i skibakken under festivalen.
I tillegg har vi skrive artiklar til spv.no og jobba med marknadsføring i sosiale media.