JUBILEUMSLOGO
Sunnfjord museum 100 år
Sunnfjord museum feirar 100-årsjubileum som forvaltar av vår felles kulturarv i 2026, og spurte om vi kunne lage ein jubileumsprofil til dei.
Vi tok utgangspunkt i dagens logo, som har eit sirkelelementet med formspråk frå rosemaling og treskjæring, og dette ville vi spele vidare på. Resultatet blei eit 100-årsmerke som rommar arven frå fortida i eit stilisert formspråk frå notida.
Saman dannar sirklane i 100-talet eit evigheitssymbol.
Samanstilling av Sunnfjord museum sin logo og jubileumsmerket.







