DESIGN
Utforming av medalje for VM i vektløfting 2025
Univerket fekk oppdraget med å designe medaljane til VM i vektløfting 2025. VM-administrasjonen var tett på gjennom heile prosessen, og det var eit ønske om eit rustikt preg som speglar vikingtematikken. Medaljane er utvikla med logoen i sentrum og formidlar prestasjon og stoltheit.
Frå idé til ferdig medalje
Å utvikle ein medalje er ein omfattande og detaljrik prosess som kombinerer konseptutvikling, designfagleg presisjon og forståelse for teknisk produksjon. Arbeidet startar med innsiktsfase og idéutvikling, der ein utforskar symbolikk, form og uttrykk i tett dialog med oppdragsgivar. Kva skal medaljen fortelje? Kva verdiar skal den representere?
Vidare fortsetter skissearbeid og 3D-modellering, der form og detaljar blir finjusterte. Her må estetiske vurderingar balanserast mot tekniske krav til produksjon, materialval og slitestyrke. Små justeringar i djupne, kantar og overflater kan ha stor betydning for det endelege resultatet.
Prototyping er ein avgjerande del av prosessen. Gjennom teststøyp og prøvar i metall, overflatebehandling og emalje sikrar vi at uttrykket fungerer både visuelt og taktilt. Først når alle detaljar, frå vekt, finish og gravering, er kvalitetssikra, går medaljen i endeleg produksjon.
Resultatet er meir enn eit fysisk objekt. Det er eit symbol på prestasjon og stoltheit, forma gjennom ein grundig prosess der handverk, teknologi og design møtast.







Univerket